Du kan bla til neste sideBla med piltastene
Anmeldelse

Danse, danse, dokka mi

Debutant: Kirstine Reffstrup har skrive ei tvitydig forteljing om eit skjørt «eg» som kjempar mot sjølvutslettinga.

Kirstine Reffstrup

Jeg, Unica

Roman

Forlaget Oktober 2016, 202 sider

Kunsthistoria er omkransa av eit utal meir eller mindre stadfesta anekdotar, som ein flokk muntre og sladrande nieser som heng ved sin meir ålment respekterte onkel. Blant desse finn me skildringa av det fyrste møtet mellom den feterte surrealisten Hans Bellmer og Unica Zürn, som fann stad på ei galleriopning i etterkrigstidas Berlin. «Her har me dokka,» skal ha vore Bellmers fyrste ord, i møte med den fråskilde tobarnsmora som skrapa saman til livets opphald som forfattar av forteljingar til aviser.

Du må være abonnent for å lese denne artikkelen