Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Svensk framtidsminister meiner Noreg burde ha teke imot fleire flyktningar:

Legg press på Noreg

VIL HA EIT OPE LAND: Kristina Persson er Sveriges minister for strategi- og framtidsspørsmål og nordisk samarbeid. Ho meiner vi må sørgje for at Europa får ein skikkeleg flyktningpolitikk.

PENGAR NOK: Noreg er eit rikt land og kunne godt ha teke imot fleire flyktningar. Det meiner Sveriges framtidsminister Kristina Persson.

Sosialdemokratar i Noreg og Sverige står på kvar si side i den oppheta debatten om kor mange flyktningar vi bør ta imot. No tek den svenske statsråden Kristina Persson til ords for at Noreg bør ta imot fleire – og at Schengen bør reformerast.