Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Tause SV

  • Kvifor seier ikkje SV det dei eigentleg meiner? Det lurer eg ofte på. Svaret kan jo overraskande ofte vere at dei ikkje meiner det dei har blitt einige om å meine. I september skreiv eg her om Schengen-avtalen, som er med på å skape flyktningsituasjonen Europa no ser. No har Schengen i praksis brote saman, og debatten om eit anna system er endå meir aktuell no enn i september (dette kan du lese om i sju spalter til høgre for denne). Eg skreiv i haust at «Den debatten burde venstresida melde seg på, for å kunne føre den på våre eigne premissar. Men kjenner eg stoda rett, kjem det ikkje til å skje». Eg veit det ikkje er så sjarmerande med sjølvsikre, unge menn som seier «kva var det eg sa?», men: Kva var det eg sa?