Leder
Regionar
- 2016 blir skjebneåret for det største og mest prestisjefylte prosjektet til den blåblå regjeringa: kommunereforma. Kommunane har fått frist til ut juni for å slå seg saman med andre. Kommunalminister Jan Tore Sanner håpar at Norge får langt færre kommunar enn dagens 428, men gjennomgangar som Klassekampen og Nationen har gjort, tyder ikkje på at reforma blir nokon triumf for Høgre og Frp. I skyggen av striden i kommunane blir det no reist debatt om samanslåing av fylkeskommunane. Dei to trøndelagsfylka skal ta stilling til dette i april, og det går mot eit nytt «Stor-Trøndelag». Samtidig melder Bergens Tidende at fylkestoppane i Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland drøftar å gå saman i eitt vestlandsfylke. Tilsvarande diskusjonar har også gått i dei andre landsdelane.
Du må være abonnent for å lese denne artikkelen
Allerede abonnent? Logg inn