Miskunnsåret
Pave Frans meiner at verda treng meir miskunn og medkjensle.
Eg gjekk ikkje inn i det nye året med venelag, fyrverkeri eller sprudlande prosecco. Eg sto på strendene på øya Lesbos saman med andre frivillige i organisasjonen Dråpen i havet. Me skoda etter flyktningar som prøvde å krysse dei ti kilometrane ope hav mellom Tyrkia og Hellas i minus to grader og halvannanmeterhøge bylgjer, utstyrte med redningsvestar av tvilsamt fabrikat i ein like tvilsam overfylt gummibåt. Dei kom. Forfrosne, gråtande og livredde, men letta for å ha tatt eit fyrste steg mot fridom, fred og tryggleik. Det er ingen klisjé, men pur røyndom.
Du må være abonnent for å lese denne artikkelen
Allerede abonnent? Logg inn
