Du kan bla til neste sideBla med piltastene
Fokus

Skulelunsj

Små tiltak kan gi folk i fattige land tru på ei framtid heime.

Ein næringsrik frukost eller lunsj på skulen er blant dei mest effektive tiltaka mot fattigdom og svolt. Måltidet på skulen gjer at risikoen for svoltsjukdommar og barnedød minkar og at eleven er betre i stand til å følgje undervisninga. Det gjer at fleire foreldre sender barna til skule framfor å setje dei til å passe småbarn eller husdyr og er difor med på å redusere analfabetisme og kunnskapsløyse. Det gjer at familiar let jenter halde fram på skulen framfor å gifte dei bort som tenåringar, og difor også at færre jenter blir gravide som ungjenter, at dei føder færre barn og at barnetalet i lokalsamfunnet og landet ikkje veks så snøgt. Når maten blir kjøpt inn lokalt, er tiltaket med på å styrkje småbønders økonomi og å gi arbeidsplassar.

Les hele Klassekampen på nett

Få nyhetene som setter dagsorden, analysene som betyr noe og stemmene som teller. Abonner i dag.

Bli abonnent

Allerede abonnent?