Du kan bla til neste sideBla med piltastene
Leder

129.000

  • Ved inngangen til det nye året er det i ferd med å bli sett ein dyster rekord i Norge. Den ferske Arbeidskraftsundersøkinga frå SSB viser at den gjennomsnittlege arbeidsløysa i september, oktober og november var på heile 129.000. Leiaren i Norsk Industri seier til VG at det vil bli sett ny rekord i arbeidsløyse i 2016. Stein Lier-Hansen viser til at det i etterkrigstida berre ein gong har vorte registrert fleire utan arbeid, nemleg under bankkrisa i 1993, da det var 135.000 AKU-ledige. Neste år vil enda fleire stå utan jobb. Fleire store selskap har nemleg opplyst til Norsk Industri at dei vil gjennomføre nedbemanningar etter nyttår, og fleire tusen arbeidstakarar vil miste jobben. Rett nok blir ikkje den prosentvise arbeidsløysa like stor som i 1993, sidan arbeidsstyrken har vorte større.

Les hele Klassekampen på nett

Få nyhetene som setter dagsorden, analysene som betyr noe og stemmene som teller. Abonner i dag.

Bli abonnent

Allerede abonnent?