Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Poesi: Linda Klakkens dikt gir flyktige gleder, men ber ikkje det store spennet i samlinga.

Stjernekrig på sengekanten

Trygg oppskrift: Klakken nyttar den forma ho kjenner best, som ho veit kan lokke fram fornøyelege bilde. Foto: Heidi Furre

Ifølgje NASA vil mørkret bruke (litt over) åtte minutt på å nå jorda dersom sola sloknar. For Linda Klakkens lyriske eg – og for dottera ho forsørger – er desse åtte minutta ei lita evigheit: «bare spør mauren / som bærer ei kongle på ryggen / gjennom ei blomstereng». I «Åtte minutter» arbeider Klakken i dette enorme spennet, og speglar det store i det små, eller omvendt. Eit dikt mot slutten av boka er som ein liten poetikk: «om universet / er en gigantisk ørken / og hver enkelt stjerne / et lite sandkorn // blir jorda / himmelen / da».