Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Arveordet «kjønn» er eldgamalt. Men fast og påliteleg er det ikkje, skriv Kristin Fridtun.

Ordet som alltid glepp

The egg or the hen: Ja, kva kom først? Enten han likte blautkokte vitsar eller ikkje, var Ivar Aasen iallfall den fyrste som losna ordet ‘kjønn’ frå feste sitt i Noreg, skriv Kristin Fridtun. Foto: The spirit & place festival

I tredje akt i Barselstuen (1724) byd Ludvig Holberg på ein kosteleg samtale mellom barselkona og ein dokter. Etter ein disputt om kva slags mat og drykk som er skadeleg, der dokteren konkluderer med at alt er farleg, og at det difor er best å ikkje ta til seg vått eller turt i det heile, pensar barselkona samtalen over på noko anna: Ho spør dokteren kvifor ho drøymer så vondt for tida. Dokteren gjev seg til å greia ut om ulike slags draumar, og eit av dei slaga han nemner, er «Diaboliske Drømme, som det menniskelige Kiøns Fiende indskyder i os».