Eg er oppvaksen med begge dei to nasjonalspråka i Finland. Med pappa snakka eg svensk, og skulespråket så vel som arbeidsspråket mitt vart svensk. Med mamma snakka eg finsk, og det var finsken som dominerte fritida i forstadsmiljøet der eg vaks opp. Til no har eg alltid følt meg fullstendig heime i den finske kulturen, høg som låg. Nasjonaleposet «Kalevala» – eit 1800-tallsoppkok av folkedikting i ny nasjonalistisk redigering av Elias Lönnrot – Väinö Linnas romanar om krigen og landsbygdas fattigfolk, og Pertti Jarlas uomsettelege, ubestemmeleg snuskete ordspel i serien «Fingerpori» har gitt meg god underhaldning og gjort livet mitt rikare på ein sjølvsagt måte som eg er takksam for. Og eg kunne kjenne att min eigen folkeskugge og den sida av meg som var bunden i den asosiale skogsfinskheit som dei farlause brørne i Aleksis Kivis «Sju bröder» – den første romanen som kom ut på finsk – må overvinne for å bli statsborgarar.