Gudfaren
- «Dette må kunne løses innen familien.» Nei, det er ikkje Don Corleone som snakkar, men Tor Arne Solbakken, fyrste nestleiar i LO. Bakgrunnen er ein lokal strid i Nord-Trøndelag. EL & IT-klubben på Nord-Trøndelag Energiverk (NTE) har gått ut med ein kampanje der dei tilrår folk å ikkje røyste Ap, men i staden velje seg Raudt, SV eller Sp. Bakgrunnen er at dei fryktar at Ap kan gå med på å privatisere energiverket, skriv Fri Fagbevegelse. Striden har gjeve ei rekkje underlege utslag: Venke Heimdal er distriktsleiar for EL & IT Forbundet i Nord-Trøndelag og står på Ap-lista i Namsos. Ho vil likevel ikkje røyste Ap i fylkestingsvalet. «Min stemme vil gå til et parti som sier nei til privatisering. Jeg er ikke beroliget over svarene fylkespartiet har kommet med i denne saken», seier ho. Andre i Ap meiner striden er overdriven og at Ap aldri har opna for privatisering av NVE.
Du må være abonnent for å lese denne artikkelen
Allerede abonnent? Logg inn