Forslag om innføring av eigedomsskatt i Oslo har vore vanskeleg for venstresida i hovudstaden gjennom fleire valkampar. Høgresida, med støttespelarar som Huseiernes Landsforbund, har drive vellykka skremselskampanjar, og skattestriden har bidratt til at Høgre har styrt Oslo sidan 1997. I Ap var frykta for å tape nok eit val så sterk at dei for fire år sidan garanterte å ikkje innføre eigedomsskatt, utan at det førte til nokon valsiger. I år går Ap til val på å innføre ein låg eigedomsskatt, men berre på bustader verdt meir enn fem millionar kroner – det vil seie berre 22 prosent av bustadene. Obos, som forvaltar kvar tredje bustad i Oslo, meiner dette blir ein «villaskatt». Dessutan har Ap i motsetning til tidlegare år gjort det klart at skatteinntektene på tre milliardar kroner skal øyremerkast barnehagar og eldreomsorg.
Velgere: Israellobbyen har tette bånd til den blåblå regjeringen, noe som gir dem mer makt. Frp og KrF kjemper om israelvennene, hevder forfatter. Her demonstrerer Med Israel for fred. Foto: Audun Braastad, NTB scanpix
I Norge finnes det i dag mer enn 30 ulike Israel-organisasjoner. Til sammen utgjør de et betydelig trykk inn i medier og politiske miljøer.