Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Debatten

  • Partileiardebatt! Direkte frå Arendal! NRK hadde samla åtte politikarar som ikkje stiller til val (det vil seie, Trine Skei Grande står visst på lista til Gamle Oslo Venstre) for å diskutere spørsmål som ikkje blir avgjort i dette valet. Ballet opnar med ein video der nokre ungar ræppar om demokrati. Yo. På bakrommet i Arendal Kulturhus får journalistane hakeslepp, og til og med NRK-representantane ser ut som dei har lyst til å gå og døy i eit mørkt hjørne. I videoen opptrer eit gospelkor i stortingssalen. Flaks at NRK insisterer på å ikkje bli tekne på alvor, elles kunne ein lurt på kva statskanalen meiner med å flytte kyrkja inn i parlamentet.