Stockholmsyndromet
Heltesoge: Forteljinga om stjernegitarist Vidar Busk har eit klart ålment potensial. Biografien maktar ikkje å forløyse det.
Balladen om Vidar Busk
Erik Holien
Sakprosa
Aschehoug 2015, 368 sider
For nokre år tilbake var Vidar Busk fyrste artist eg nemnde i kategorien «norske musikarar du har høyrt mykje på» overfor ei gruppe musikkansvarlege i NRK P3. Ansiktsuttrykka som møtte meg, var antakeleg utløyste av vage minne om ein utspjåka retrogitarist, med bluesklubbar og danseglade rockabilly-fantastar som hovudnedslagsfelt. Men for meg var han noko anna (noko eg rett nok hadde vanskar med å formidla i den litt pinlege situasjonen som oppstod): På ungdomsskulen levde eg, som mange andre, i den lukkelege villfaringa om at det kanskje levde eit gitargeni djupt nedgravd inni meg, og den briljante Busk var då eit naturleg val av helt.
Du må være abonnent for å lese denne artikkelen
Allerede abonnent? Logg inn