Møtestader
Nordiske treff: Kan ein selje jordbær på torget, kan ein også by på dikta sine. Faktisk kan det ende opp med å engasjere heile lokalbefolkninga.
For nokre år sidan fekk eg delta på eit litterært arrangement i Bokbyen ved Skagerak. Det vart ei fin utflukt; heile bygda var involvert i hendingane, med inviterte forfattarar i eit makelaust miljø, og med rader av bodar langs lange gater som enda i ope hav og frisk vind. Dette var ein eller annan gong på seinvinteren, og dei tydelegaste minna eg har herifrå, er vandringane langs islagde gater i nedoverbakke, der det beste ein kunne gjere, var å berre rutsje nedover – og håpe at noko ville bremse farten før ein nådde kaikanten.
Du må være abonnent for å lese denne artikkelen
Allerede abonnent? Logg inn