Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Eit forsvar for sivil ulydnad

På barrikadane: Sivil ulydnad er eit legitimt verkemiddel i miljøsaker, skriv Steinar Bøyum. Her frå ein aksjon mot dei såkalla monstermastane i Hardanger i 2011. Foto: Magne Hagesæther, NTB SCANPIX

Det ser ut til at klimaendringar vil få alvorlege følgjer for jorda og menneska i framtida. Likevel blir lite gjort for å hindre dette. Når demokratiet ikkje ser ut til å kunne handtere dette problemet, bør ein då bryte lova for å tvinge fram nødvendige tiltak? I Noreg har me ein viss tradisjon for sivil ulydnad i miljøsaker, frå Arne Næss i Mardøla til bunadsjentene i Hardanger.