Du kan bla til neste sideBla med piltastene

La oss bruka valkampen til å snakka opp lokalt engasjement.

Kristian Kristiansen

Det er nok ikkje mange av Klassekampen sine lesarar som veit kven Kristian Kristiansen frå Stovner i Oslo var. Kristian døydde nyleg, 80 år gamal. I lokalmiljøet på Stovner var derimot Kristian kjent. Han var medlem av Arbeidarpartiet og ein skikkeleg drivar i det lokale partilaget. Han var aktiv på eldresenteret, og var ei eldsjel i sjakk-klubben og i det å læra ungdomen å spela sjakk. Han passa på bydelen.