No skal alt som er skrive, sunge og gitt ut om Alf Prøysen samlast. Databasen blir langt meir omfangsrik enn venta.
I fjor ville Alf Prøysen fylt hundre år. Vil allting vere gløymt, som Knut Hamsun sa, om hundre år? Ein heilt fersk database om Prøysen gjer iallfall sitt for å motverke kollektiv gløymsle i framtida. Eit samarbeid mellom Nasjonalbiblioteket og Høgskolen i Hedmark har no samla inn alt som er skrive, sunge og gitt ut om Prøysen. Det er ikkje så reint lite.