Du kan bla til neste sideBla med piltastene

For lengje sidan

Geologisk er me enno i kvartærtidi, og i denne tidbolken for tre millionar år sidan var det at ei rad med istider tok til å grava ut Hallingdal og stelle til kroken ved bygdi Herad der dalen lagar ein rett vinkel. Når ein no køyrer riksveg 7 uppetter, kan ein skimte småe hus høgt, høgt uppe til høgre i den endebratte bergasida i dette kneet i dalen, mest uppe i himmelen. Der har det funnest litevetta jord som var nok til at det vart buande folk på Øvre og Nedre Uthallen og i Vidden. Plassane ligg tett attmed kvarandre, og gamle murar og attestandande hus fortel at dei kvar for seg har hatt stugu, fjøs, stallar, låve og loft, alle hus som skal til åt ei livberging, men alt so smått so smått. No er plassane tome og fråflutte. Berre eit veldigt utsyn over Hallingdal med grender og skogåsar og fjell mot himmelen møter meg.