STREIK: Den vidaregåande skulen Heltberg vil ikkje ha tariffavtale med Utdanningsforbundet. Lærarane har no streika i over tre veker.
Det handlar ikkje om lønn eller undervisningstid for lærarane som sit streikevakt utanfor Heltberg Private Gymnas i Oslo. Dei krev at tariffavtalen dei har hatt blir vidareført, og at Utdanningsforbundet også framover skal vera den ansvarlege parten for avtalen.