Den norske påsken er unik. Påsken er tiden for tradisjonell fjellferie med ski og klementiner, bypåske med gule påskeliljer, eller kanskje bare å nyte overgangen fra vinter til vår i nærmeste solvegg.
Du kan bla til neste sideBla med piltastene
Den norske påsken er unik. Påsken er tiden for tradisjonell fjellferie med ski og klementiner, bypåske med gule påskeliljer, eller kanskje bare å nyte overgangen fra vinter til vår i nærmeste solvegg.
Ein etterforskar, eit lik, ein mystisk kvinne – og Nebukadnesar: Ragnar Hovland anbefaler ein krim utenom det vanlege.
Eurosonens «stabilitets- og vekstpakt» er ei løgn.
Det var vel den økonomiske og sosiale katastrofen, og det faktum at Hellas neppe nokon gong kan betale attende heile statsgjelda på 324 milliardar euro, som gjorde at finansministar Giannis Varoufakis oste av optimisme og sjølvtillit då han kom til Brussel for å reforhandle gjelda og lånevilkåra. Syriza hadde ikkje nokon plan B om eventuelt å forlate euroen. Samtidig var krava overfor Troikaen svært moderate. Ikkje noko krav om å reversere privatiseringane, førebels ingen auke i offentleg sysselsetting, berre ei lita ettergiving av gjelda. Eit viktig krav var cirka 13 milliardar euro til raske tiltak mot arbeidsløysa og fattigdomen: Pengar som skulle gå til matkupongar til dei fattigaste, sikre familiane husly, elektrisitet og helsetenester. Forslaget vart blankt avvist. Varoufakis fekk beskjed om at Hellas måtte halde seg til hovudlinjene i avtalen om innstrammingar som den førre statsministaren Antonis Samaras hadde signert med Troikaen.