Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Er Europa i ferd med å bli eit politisk diktatur?

Euroelitens skadeverk

Illustrasjon: Knut Løvås, knutlvas@gmail.com

Gjennom administrasjonen av Hellas sidan 2010 har den såkalla Troikaen, med Tyskland som førande makt, drive landet ned i ein økonomisk avgrunn. Arbeidsløysa auka frå 9,6 prosent i 2009 til 26,5 prosent i 2014. Ungdomsarbeidsløysa steig frå 21,9 prosent i 2008 til 58 prosent i 2013. Tre millionar er langtidsarbeidslause. Desse millionane har ingen tilgang til regulære helsetenester. Delen av befolkninga som lever under den offisielle fattigdomsgrensa, auka frå 20 prosent i 2010 til nær 35 prosent (3,8 millionar menneske) i 2013. Vel 330.000 hushald manglar lys og oppvarming. Meir enn 25.000 hushald er heimlause. I perioden 2009–2014 gjekk gjennomsnittleg hushaldsinntekt ned med nesten 40 prosent. Minimumslønna er på 500 euro (cirka 4000 kroner) per månad. Gjennomsnittslønna i 2013 var 23 prosent lågare enn i 2010.