Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Kunstnarens mest krevjande entreprise er å takla entreprenørane.

Rekvirert kunst

I Einar Øklands mangslungne forfattarskap er godt og vel 2000 sider komne til på bestilling. Forfattaren understrekar gjerne dette i forord til prosasamlingane av rekvirert skrivekunst: «Dikt skriv eg utan å vere beden om det. Essays, artiklar, epistlar o.l. skriv eg derimot etter oppmoding frå andre.(...) Sidan alle stykka i denne boka er bestillingsverk, kallar eg den ei sosial bok.» («I staden for roman og humor», 1993)