Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Ukrainsk analytikar er uroa over at Russland og Vesten styrer landet hans:

– Har mista alt sjølvstende

Ruin: Kvinner i bydelen Kuibisjevskij i Donetsk skaffar seg oversikt over skadane dagen etter at denne bustaden vart skoten og øydelagt. Krigen aust i Ukraina rammar stadig fleire sivile. foto: eric feferberg, AFP/NTB Scanpix

PESSIMIST: Skytinga frå begge sider av frontlinja aust i Ukraina held fram. Ukrainsk statsvitar meiner Russland og Vesten må dele skylda for borgarkrigen.

Fredag morgon vart det på nytt meldt om drepne aust i Ukraina, denne gongen tolv personar, og av dei sju sivile, ifølge NTB. Dette skjedde i kampar i Donetsk, og i tillegg vart 23 soldatar såra.