Eg trudde eg hadde flytt ut av storbyen til eit roleg liv på landet, men plutseleg bur eg i sentrum av den viktigaste politiske kampen i landet nett no. Høgskulen eg jobbar ved har fått melding om å finna seg nokon å slå seg saman med innan januar er ferdig, elles. Sjukehuset vårt har vel fått ein slags lovnad om å ikkje verta rørt i denne omgangen, men med sjukehussamanslåing og nybygging i Romsdal og Nordmøre, er det mange som fryktar at pengane må takast frå å leggja ned det minste sjukehuset – Volda. Det er berre eit tidsspørsmål, seier mange. Før kommunane vert slegne saman, før høgskulen vert slegen saman med noko anna, før sjukehuset er nedlagt.