Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Blass-femi

  • Er Støre ein klar og tøff forsvarar av retten til å drive blasfemi, eller er han berre blass og femi? Omtrent sånn har debatten om grensene for ytringsfridomen gått i Noreg. I laurdagens utgåve av DN sa Ap-leiaren at han ikkje meinte det «er viktig å stå opp for blasfemi», sjølv om han meinte dette var ei form for ytring vi må tole. Venstre-leiar Trine Skei Grande sa at Støres reaksjon var «skremmande». Ifølgje kjelder i Venstre skal ho ha vurdert å trekkje dette sitatet, men ho valde altså å la det stå. Støres omgang med ytringsfridomens grenser er vel omtrent like skremmande som den Trine Skei Grande utviste i 2004. Då var ho parlamentarisk leiar for Venstre og røysta mot å oppheve blasfemiparagrafen. Ho var nok ikkje for det, sånn inst inne, men partiet hennar delte regjering med Høgre og KrF. Då var det visst greitt å vere litt pragmatisk når det kom til dette med blasfemi.