Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Kollaps

  • Denne vinteren har det skjedd noko veldig rart. Noreg har fått ei regjering som tilsynelatande har gjeve opp, trass i at det er to og eit halv år til dei får avløysing. Der Solberg og Jensen i fjor var heftige og begeistra, er det no eit skjær av blåblå avmakt i andleta deira. Landets statsminister har slutta å argumentere for politikken sin. Ho orkar rett og slett ikkje. «Dette har det norske folk faktisk stemt for», var hennar svar på kvifor regjeringa vil teppebombe dagens arbeidsmiljølov. Resten av laget hennar høyrest ut som eit ekko av regjeringssjefen: «Vi har fått fleirtal i valet», var Høgre-representant Kristin Vinjes grunngjeving for kvifor regjeringa og Venstre vil opne for søndagshandel. Liknande takter høyrer vi frå Siv Jensen og resten av regjeringa. Om ein skulle vere litt konspiratorisk, kunne ein tru at dette var eit medvite kommunikativt val frå regjeringspartia. Når alle politikarar frå eitt parti plutseleg høyrest heilt like ut, er det som regel ikkje heilt tilfeldig. Ein skulle kanskje tru at den sikraste supporterklubben for desse endringane ville vere i Unge Høgre, men der har leiar Kristian Tonning Riise gått over til å berre skrive kronikkar om sitt hat mot julefilmen Love Actually. Det kjennest rart å starte det nye året med sakne Unge Høgre i samfunnsdebatten, men slik har det altså blitt. Det mest dekkjande ordet for situasjonen på høgresida er kollaps.