Posepartia
- Høgre og Frp håpa på meir positivt søkelys på politikken til regjeringa, etter at budsjettavtalen med KrF og Venstre var i boks. Det blåblå forslaget og budsjettforhandlingane var ein samanhengande PR-katastrofe. I staden kranglar dei borgarlege partia no så busta fyk om kven som har ansvaret for innføringa av den nye poseavgifta på 1,50 kroner. Krangelen er jo litt pussig, i og med at alle parti gjekk god for avgifta. Enda pussigare er det at ingen av dei borgarlege innsåg at det er gode grunnar til at dette punktet skulle bli det mest omdiskuterte i budsjettavtalen: Poseavgifta er ikkje eit viktig miljøtiltak, men alle vil merke det. Kanskje har Per Sandberg rett i at folk kan sleppe avgifta ved å ta med seg sekkar på handletur, sjølv om det vil føre til sviktande budsjettinndekning. Men likevel vil avgifta bli eit dagleg irritasjonsmoment for folk flest, og kanskje særleg avgiftshatande Frp-folk, og ei vedvarande påminning om at Norge blir styrt av kranglete poseparti.
Les hele Klassekampen på nett
Få nyhetene som setter dagsorden, analysene som betyr noe og stemmene som teller. Abonner i dag.
Bli abonnent