Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Frå Noreg til Frankrike og tilbake.

Ordeksport

Finst det norske lånord i fransk? Haugevis! Me kunne glatt og kjapt setja opp ei liste på hundre ord. Det finst lån frå nyare tid, og det finst lån frå meir enn tusen år tilbake, den gongen norrønt vart tala i Normandie. Namnet på provinsen kjem frå «nordmannia», altså nordmennene sitt land, sjølv om det reint faktisk var fleire danskar enn nordmenn som slo seg ned der på 900-talet. Gange-Rolf, grunnleggjaren, var likevel etter alt å døma sunnmøring.