Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Kvifor har bind- og tampongprodusentane blitt feministar?

Blodraude blåkopiar

DISKRÉT: Bindprodusenten Always har bytta ut blå frysevæske med ein ørliten rød flekk.

«Korleis eg kjenner meg når eg har mensen? Eg elskar det!», seier ei smilande kvinne i tjueåra i ein YouTube-video. «Nokre gongar vil eg berre springe på stranda», fortel ho, medan vi ser eit klipp av ei kvinne som gjer elegante splitthopp i strandkanten i sakte film. «Vanlegvis, på den tredje dagen, vil eg eigentleg berre danse», held ho fram, medan vi ser to kvinner som dansar entusiastisk i fargerike åttitalsklær. Det neste klippet viser gjennomsiktig lyseblå væske som blir tømt over eit bind medan kvinna konkluderer: «reklamane på tv er skikkeleg hjelpsame fordi dei brukar den blå væska, og eg bare ‘å, det er dét som skjer!’».