Me lever i «Raushetens tid», fortel ei bok. Og me får, kanskje, ei kommunereform som gir oss robuste kommunar. Skal noko pent seiast om nokon i desse tider, er det tydelegvis berre eitt adjektiv som duger – raus! Eg kjenner kvalme. I desse tider kan ein venta seg ein proklamasjon frå Sylvi Listhaug om at hennar mål er eit robust jordbruk. (Kanskje ho alt har kome med det, for det eg veit?) Eg kjenner kvalme.
Det heiter ikkje lenger sentralisering – det heiter robuste kommunar.