Utsira
- Arbeidarpartiet har fått gjennomgå i striden om elektrifisering av felta på Utsira-høgda. I førre veke skulda KrF og SV partiet for å ha skifta syn, mens politiske kommentatorar harmdirrande skrive om Aps «snuoperasjon». Bakgrunnen er at alle opposisjonspartia gjekk saman om å tvinge regjeringa til å krevje elektrifisering av alle dei fire felta. Da energiminister Tord Lien i eit brev til miljøkomiteen opna for å elektrifisere alle installasjonane på Utsira, iallfall etter kvart, valte Ap å tolke dette som ein stor siger. Men Ap skrytte av formuleringar som er svevande, ikkje minst om når elektrifisering skal skje. Dermed vart Ap kritisert for igjen å ha bøygd av for Statoil og LO. Det er likevel verdt å merke seg at klimaforkjemparane i Bellona og Zero ikkje har vore like høgrøysta.
Les hele Klassekampen på nett
Få nyhetene som setter dagsorden, analysene som betyr noe og stemmene som teller. Abonner i dag.
Bli abonnent