Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Ingen kunne tvinga henne til sjølvfornekting og underkasting.

Intellektuell superstar

René Descartes, kjend for det banebrytande «eg tenkjer, altså er eg», braut i 1649 opp frå Frankrike og drog nordover til Sverige for å føra filosofiske samtalar med den tjueto år gamle dronning Kristina. Ho var ei intellektuell superstar i si samtid, så vidan kjend at Descartes allereie hadde omtalt henne i rosande vendingar i ei av bøkene sine. Likevel blir ho sjeldan brukt som eksempel på vellukka kvinnefrigjering, og endå sjeldnare i diskusjonen om arv og miljø.