Du kan bla til neste sideBla med piltastene

«Venner»

  • Norske styresmakter har inntil no vore rystande likegyldige til den omfattande amerikanske overvakinga som har vorte rulla opp sidan juni i år. Da starta avisene The Guardian og The Washington å publisere informasjonen dei hadde fått frå IT-konsulenten Edward Snowden, om etterretningsprogrammet Prism, som blir drive av USAs National Security Agency. Lekkasjane viser ei overvaking så omfattande at ho minner om skjønnlitterære dystopiar. Avsløringane har skapt sinne og breie politiske debattar i ei rekkje land, ikkje minst i Frankrike og Tyskland. Engasjementet toppa seg da det førre veke vart kjent at også den tyske forbundskanslaren Angela Merkel har vorte avlytta. Laurdag skreiv dessutan Dagbladet at journalisten Glenn Greenwald, som sitt på materialet frå Snowden, stadfestar at også Norge er ramma.