Framstegspartiet har gjennom førti år vore eit misnøyeparti. Dette har sett seg i kroppshaldning, mimikk, tonefall og ikkje minst språk. Derfor er det fascinerande å observere korleis særleg partileiaren, men også fleire av partifellane hennar, no jobbar knallhardt med å legge om stilen. Det må dei når dei heretter skal adressere heile det norske folk, og ikkje lenger berre den uklare gruppa dei yndar å kalle «folk flest». For ikkje å snakke om at dei skal avlevere eigen politikk i staden for å kritisere politikken andre fører. Det krev ei anna tilnærming enn den Siv Jensen hittil har hatt bruk for.
Frå misnøyepolitikk til gladmeldingspolemikk.
Ein annan dans
Signert