Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Humanitet

* Kor mange gonger skal håp tennast for å bli slokt ein gong til av utlendingsforvalting og domstolar? Dei fleste lengeventande asylbarna høyrer vi ikkje så mykje om. Men nokre gonger får vi møta menneska bak tala. Yalda Bahadori er ikkje berre eit nummer i rekka. Ho er ein levande elleveåring som bur og går på skole i Tromsø. Ho har folk rundt seg som stiller opp for at ho og familien ikkje skal bli kasta ut av landet etter å ha budd her på uvisse vilkår sia Yalda var tre år. Ei avgjerd i tingretten sist haust gav håp om at dei skulle få leva trygt i Noreg. Fordi omsynet til barnets beste ikkje var grundig nok vurdert, var det etter barnekonvensjonen ikkje rett å gi innvandringspolitiske omsyn forrang. Staten anka den avgjerda.

Du må være abonnent for å lese denne artikkelen