Terrorhandlinga 22. juli hadde det spesifiserte motivet å skræme Arbeidarpartiet og andre til ein annan innvandringspolitikk enn dei ville ha valt utan terror. Terroristen vil ha mindre innvandring, særskilt av muslimar. Allment forma har all terror det føremålet å få nokon til å handle etter terroristen sitt hovud, ikkje etter sitt eige. Korleis bør vi då handle som konsekvens av 22. juli? Nokre seier: Folk som har argumentert for mindre innvandring, og sameleis slike som har stilt seg kritisk til sider ved islam, har fyrt opp under dei haldningar som Breivik har. Såleis er dei i ein viss mon medskyldige i terrorhandlinga, eller i alle fall ein del av forklåringa på henne. Desse skeptikarane bør no gå i seg sjølve og tale annleis om innvandring og om islam. Men det er ei hovudsak å sjå at dette kravet, retta mot seriøse innvandrings- og islamskeptikarar, er uakseptabelt på prinsipielt grunnlag. «Ha mot til å handle etter din eigen forstand, dette er kjernen i opplysninga,» sa Kant. Å tilpasse det ein seier, for ikkje å tale om det ein meiner, av omsyn til aktuelle eller potensielle terroristar, gjev desse ikkje berre antidemokratisk makt i dei konkrete politiske spørsmåla, men representerer eit allment tilbakesteg i sivilisasjonsnivå, og kan ikkje komme på tale. Dei seriøse innvandringsskeptikarane har hatt to hovudargument, eitt av kvantitativ art, eitt kvalitativt. Det første gjeld den tvillause sanninga at nettoinnvandring til eit land A frå eit land B regelmessig vil redusere arbeidslønene og auke kapitalavkastinga i A, med dei motsette verknadene i B. Nettoinnvandring til eit land som Noreg vil auke klassedelinga her, og stå i strid med interessene til lønstakarane. Det gjeld ei hovudsak ved utviklinga til det norske samfunnet. Dersom ein vil hevde at argumentet er feil, så får ein vise dette på intellektuelt vis, og forkaste det av den grunn, ikkje fordi ein innrettar seg etter terroristskræmsler. Det kvalitative argumentet går mest allment i fylgjande retning: Det er lettare å få ein stat til å fungere med lite valdsbruk, og med solidaritet mellom gruppene, dersom samfunnet er relativt einsarta, slik at språket er skjønleg for alle, og slik at dei moralske og politiske synspunkta som er uttrykte i religionen og elles er nokolunde like, enn dersom samfunnet er prega av språkkløyving og kulturell heterogenitet. Eit meir spesielt argument, her retta særleg mot innvandring av muslimar, har vore: islam representerer førebels mykje det førsekulariserte, religiøst-magiske kultursteget, liknande europeisk kultur før reformasjonen og opplysningstida. Det særleg politisk relevante problemet ved det tidlege kultursteget er at lova, til dømes Sharialov, og makthavarane, som imamane, vert legitimerte kosmisk; dei er innsette av Gud/Allah. Sekularisert lov og sekulariserte makthavarar, som i Europa etter opplysningstida, vert legitimerte ved at folket har valt dei, gjerne gjennom kompromiss. I eit samfunn med stort innslag av førsekulariserte, som ortodokse muslimar, vil det vere vanskelegare å få til politiske kompromiss enn i sekulariserte samfunn. Det gjeld det same for det kvalitative kulturargumentet som for det kvantitative: Skal vi forkaste det, må det vere fordi det er vist å vere uhaldbart på intellektuelt grunnlag . Det har alltid vore i ein viss mon motbydeleg å delta i ordskifte om desse spørsmåla, av den grunn at ein her, meir enn elles, ser ut til å bli møtt med argument som byggjer på medviten forvrenging av det ein seier, om det ikkje – også dét meir enn elles – er tale om rein fåkunne og naivitet. Seier ein at stor tilførsle av arbeidskraft representerer eit trykk mot lønsnivået, vert det kalla «framandhat», utan omsyn til at argumentet gjeld verknad av tilhøvet mellom numeriske storleikar, «framande» eller ikkje. Seier ein at kulturell ulikskap ikkje fremjar forståing mellom grupper, blir det tolka som sjåvinisme, om ikkje rasisme, «det norske er best». Dette utan omsyn til at det gjeld kulturell ulikskap i seg sjølv, anten det eine er verre eller betre enn det andre. Seier ein at religiøs legitimering av politiske standpunkt gjer kompromiss vanskelegare enn sekularisert legitimering, vert særleg dét kalla «rasisme av kulturelt slag», og dessutan sjåvinisme og nasjonalisme. Dette utan omsyn til at det gjeld historiske stadia; nordmenn og andre europearar var like førsekulariserte før reformasjonen og opplysningstida, naturlegvis. Ei viss mistyding av statistisk art forpestar nesten alle mediediskusjonar, men mest den det her gjeld. Seier ein at i samanheng med religionsskilnader er der fleire muslimar enn (andre?) norske som har eit patriarkalsk kvinnesyn, som er tilhengarar av kvinneleg omskjering, og som har sterke haldningar mot homofili, vert det tolka som om ein har sagt at alle muslimar er kvinnemishandlarar, homofobe etc. Det er faktisk nødvendig å presisere: Om eg seier at kroppshøgda til vaksne menn i Setesdalen er større i gjennomsnitt enn i Kina, så har eg ikkje dermed sagt at kvar einaste kinesar er mindre enn den minste i Setesdalen. Dersom slike nokså enkle ting vart forstått, ville det vere ei revolusjonær forbetring av «debattnivået». Vidare: Dei som på demografisk grunnlag meiner Norge kan bli overteke av innvandrarar, har ikkje dermed sagt at det finst nokon konspirasjon i den lei om Eurabia. – Historikarar hevdar historia mest handlar om uforutsette konsekvensar. Dei som meiner at kulturelt relativt homogene statar fungerer politisk best, har ikkje med det sagt at dei er motstandarar av globalt kulturelt mangfald. Tvert imot. Det historiske Europa kan til dømes vere eit døme på at kulturelt og språkleg mangfald, statleg mangfald og politisk fridom alt er ulike sider av same sak. Dersom 22. juli fekk oss til å ta oss på tak, så vi heretter diskuterte dei impliserte problema mindre demagogisk og vrangvillig, på eit litt høgre intellektuelt nivå, så ville dei døde verkeleg ikkje ha late livet forgjeves. Men diverre er tendensen den motsette; meir enn før vert dei oppmoda til å teie stille, alle som måtte meine noko ukorrekt. Eg var sjølv på gata og høyrde smellen frå Regjeringskvartalet 22. juli. I radio klokka 05:00 den 23. høyrde eg om cirka 82 drepne på Utøya. Eg tilstår at inga politisk-militær hending på langt nær har gjort eit slikt inntrykk på meg som denne. Ikkje dei 2–3000 døde 11. september 2001, ikkje Albrights estimat av 1 millionar barn, drepne i Irak ved tiltak frå USA, med allierte. «It was worth it.» Ikkje dei endå mykje større tal barn og andre sivile som vart napalm-steikte i Vietnam og atom-pulveriserte i Hiroshima og Nagasaki (då var eg 15), også det av USA med allierte. Slik er vi altså, alle. 77 av «oss» er langt viktigare enn nokre millionar av «dei andre». Dét får vi nok innrette oss etter. Skilnaden mellom «oss» og «dei» vart ikkje oppfunnen av nasjonalistar cirka år 1800, og kan ikkje fjernast ved at vi melder oss inn i EU, som demagogane seier eller impliserer – pronomena «vi» og «dei» er litt eldre enn frå 17. mai 1814. Mennesket er eit sosialt dyr, «there is no such thing as an individual»; vi kan overleve berre som gruppemedlemer. Den andre sida av dén medaljen er ein tilsvarande skarp sans for kven som høyrer til «vår» gruppe, og kven ikkje. Alle lagidrettar byggjer på dette. Den som i eldre steinalder møtte framande bandar med same tillit som dei viste sin eigen, enda fort i gryta, og fekk ingen sjanse til å formeire seg. Intelligente babyar no er dei som raskt vert skeptiske til framande. Av våre eigne reaksjonar på 22. juli kan vi då lære at kollektiv identitet er eit evolusjonsutvikla faktum til å ta på alvor, i innvandringspolitikken som i statsavgrensinga. – Det kan vere tilfeldig kva for eit språk vi lærer, og kva for dominerande kollektiv identitet vi utviklar, men eit naturgjeve faktum no er at vi skaffar oss eit språk og ein identitet, to sider av same sak. Eit emosjonelt sjokk gjer oss neppe klokare med eitt slag, men kan vonleg vere eit bra utgangspunkt. Spør vi etter «årsakene til 22. juli», er det like umogeleg å svare som om vi spør etter «årsakene til 1814» eller til «andre verdskrigen». Berre under ein nærare deskripsjon av fenomenet kan vi svare; og «ei årsak er eit medlem av det minimale sett av faktiske vilkår som til saman gjev verknaden». Vi kan då til dømes spørje etter «årsakene til eksplosjonen i Regjeringskvartalet». Mellom årsakene vil vere vilkåra for at éin sivilist åleine kunne detonere bomba der; og mellom dei vilkåra kan vere at regjeringa har disponert verneressursane våre i Libya og Afghanistan i den grad at vi ikkje kan forsvare oss mot éin sivilist i vårt eige Regjeringssentrum. Forsvarspolitikken til regjeringa er for så vidt ei årsak til 22. juli. Tilsvarande kan vi spørje etter «årsakene til at ein mann kunne få drive på så lenge og dermed drepe så mange på Utøya». Mellom vilkåra for dét er rimelegvis at regjeringa, i same ressurskonflikt, har investert i berre eitt politihelikopter, mot seks i Sverige. Også slik er regjeringspolitikken ei årsak til 22. juli, om der også er mange andre, som kunne spesifiserast. Har 22. juli gjort reelt inntrykk? Det var for så vidt ikkje merkeleg dersom 77 døde på Utøya ikkje sjokkerer ein nasjon som i samarbeid med «vår fremste allierte» er medansvarleg for avliving av millionvis like uskyldige barn og ungdomar, som eit ledd i ivaretaking av privilegert stormaktsposisjon. Statsminister og justisminister har klart seg godt, heiter det. Men samansetjinga av granskingskommisjonen, som regjeringa har nemnt opp til å granske det som regjeringa er ansvarleg for, kan umogeleg tolkast annleis enn at ei hovudsak er å gjere eit politisk korrekt inntrykk? Dersom føremålet skulle vere å forstå terrorhandlinga i ein meir omfattande samanheng, måtte dei rette meir vere fagleg skolerte samfunnsforskarar og historikarar? Tek Universitetet 22. juli alvorleg? I haustsemesteret skal der haldast ei førelesingsrekkje som omfattar «ekstremisme, nasjonalisme, toleranse, inkludering, nasjonens verdigrunnlag, bruk og misbruk av sosiale medier, begrepet ondskap og ytringsfrihet», og litt til. (Aftenposten 18. august.) Det delperspektivet på historia som vi før, ofte litt forakteleg, kalla historisk idealisme ser ut til å ha monopol i 2011? Kva med forklåring med referanse til det strukturelle, materielle nivået? Kvar er omfanget av innvandringa, den økonomiske fordelingsverknaden av innvandringa, ressursdisponeringa til regjeringa, et cetera? Og innanfor Universitetet sin eigen trange horisont: Når «nasjonalisme» og «begrepet ondskap» skal belysast: Kvar har ein det frå at «begrepet dumhet», «begrepet politisk blindhet», «begrepet utanrikspolitisk/politisk storhetsvanvidd», ikkje her er like relevante? I alle fall var det å vone at granskinga av 22. juli vil gjere oss endå klokare enn vi alt er blitt, som mange skryter av. Etter at vi var uvarsame nok til å finne opp krutet, dynamitten, napalmen og så vidare, kan vi nok ikkje heilt unngå terrorhandlingar som på Utøya, utførd av statar som USA, organisasjonar som Al-Quaida, individ som Breivik. Eit poeng må vere å gjere slike mindre sannsynlege. For eigen del meinte eg her i avisa 13. september 2010 at oppskrifta kunne vere: «Venstresida må vinne. Ho lyt halde alle i arbeid. Ho lyt halde inntektsskilnadene små. Ho lyt halde den totale innvandringa innen visse grenser.» Og så måtte innvandrarane ikkje plasserast i gettoar. Vi er også fleire som har sagt at når Norge vil vere ein global krigsaktør, er det berre eit tidsspørsmål når første bomba fell i Oslo. Ulikt Støre har lekmenn sett og sagt, at forsvar av liv i Norge no mest av alt går ut på slutte som USAs fremste allierte. – Kva for type ekstremist som kastar første og andre bomba er nødvendigvis mykje tilfeldig. Eg ser ingen grunn til å forandre dette. Ikkje alle har for så vidt lært noko viktig av Utøya som ein ikkje kunne vite på førehand.