UVISST: Flyktningrettsekspert trur ikkje lovnader om endra reglar for arbeidsinnvandring gir noka løysing for Maria Amelie.
Daglege demonstrasjonar, både i Oslo og rundt omkring i landet, etter at Maria Amelie vart pågripen av politiet onsdag kveld, viser at saka hennar er ei større kattepine for regjeringa enn dei hadde kalkulert med. Dei har leita etter korleis hennar sak kan løysast utan store følgjer for andre såkalla papirlause.