Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Betong

Dagens leder

* Arbeidarpartiet styrte Norge som ein framgangsrik eittpartistat i 20 år etter krigen. Ein rikhaldig litteratur fortel at livet på toppen sanneleg ikkje var ein søndagsskole. Men partiet var i mange år uslåeleg i valkamp og val, og kontinuiteten i toppleiinga var eineståande i denne epoken. Regimet hadde betre nase for kva som rørte seg ute blant folk enn sjølvaste Carl I. Hagen. Det er sagt at partisekretær Haakon Lie berre kunne opne vindauga på partikontoret på Youngstorget, så kjente han kvar vinden bles. Statsminister Einar Gerhardsen behøvde ikkje ein gong opne vindauga.