Med vona i bagasjen
Ein morgon vakna eg med ei merkeleg kjensle i kroppen; eg rista meg vaken og kjente etter: jau, ein smak av prærien låg framleis i munnvika, panna var sveitt, ryggen skreik «arbeid». Eg hadde vore norsk-amerikanar denne natta. Rydda gard og bygd liv. Etter mange år i Junaiten var eg komen heim igjen. Alt var som før, berre heilt annleis. Vel inne i dagen, men framleis fylt av draumen, tok eg fram to bokkjenningar frå hylla: «Amerikabrev», ei samling faktiske brev skrivne av nordmenn som reiste til Amerika, redigert av Theodore C. Blegen, og «Oklahoma» av Lars Amund Vaage. Begge handlar dei om Amerika, norskamerikanaren, den bortkomne, den heimkomne, forventning og realitet. Men mens den første boka er sakleg, kvardagsleg og konkret i stilen, er den andre poetisk kvardagsleg og drøymande i tonen. Men dei krinsar begge rundt dette store, rundt draumen om Amerika og Amerikafararen.
Du må være abonnent for å lese denne artikkelen
Allerede abonnent? Logg inn