Vi som saknar krigen
Vi som voks opp under den kalde krigen, hugsar med bevrande nostalgi kor kjekt det var når vi kunne gløyme atombomba og heller gje oss i kast med den skikkelege krigen. Ein gong i månaden dumpa dei ned i postkassa, teikneserieblada som fortalte soga om den heroiske britiske og amerikanske kampen mot den tyske og japanske overmakta. Det er ikkje få av dei som vart fødde på 1950- og 1960-talet som både lærte å lese og elske det angloamerikanske gjennom blada Commandos, Kamp, Krigsserien og ikkje minst På vingene – denne journalistens absolutte favoritt der utruleg nok ikkje ein einaste britisk pilot døde i «The Battle of Britain». Tyskarane, derimot, døydde som dei utya dei var. Men kva les vi i siste nummer Forsvarsforum? Jau, at så godt som alle militærseriane er borte, nedlagt, avvikla som om dei var norske militærleirar. Commandos vart borte alt i 1969, Krigsserien, Kamp og På Vingene vart alle lagt ned i 1990. Og kva har vi fått i staden? Fint lite: «Militære tegneserier er ikkje det hotteste akkurat nå. 99 prosent av alle tegneserieforfattere er jo pasifister», seier styrar ved Tegneseriemuseet i Norge, Jan Krogh til Forsvarsforum.
Du må være abonnent for å lese denne artikkelen
Allerede abonnent? Logg inn