Finst nasjonar?
I diskusjonen mellom Kåre Lunden og Bo Stråth om unionshistorie er temperaturen i ferd med å auke, men framleis kjem det interessante synsmåtar og viktige argument – frå begge partar. Sinnet har ikkje slukt fornufta deira, ikkje enno. Eg for min del har eit spørsmål til både Lunden og Stråth. Spørsmålet er motivert av trua på at svaret deira vil kunne gjere posisjonane deira klarare. Kortversjonen av spørsmålet er slik: Kva slags ontologisk status, om nokon, har fenomenet nasjon? I Klassekampen 5. juli har Stråth skrive følgjande: «Det är en rent diskursiv figur, en fiktion om en tänkt gemenskap om man så vill (…).» Det er ikkje klart at han her siktar til fenomenet nasjon. Men dersom han gjer det, har han, på dette punktet, same syn som Benedict Anderson. I boka «Imagined Communities» (1983) framstiller han nasjon som ein fiktiv storleik, eit reint subjektivt fenomen, ein fantasi. Å gjere noko slikt er å skaffe seg sjølv ei enorm bevisbør, og det har ikkje gått særleg bra for Anderson, iallfall ikkje sett frå ein filosofisk synsstad. For det første må ein då greie opp i ulike former for realeksistens, og for det andre må ein argumentere for at nasjon ikkje eksisterer på nokon av desse måtane. Det som finst eller er verkeleg, kan eksistere på ulike vis: Også sosiale fenomen og sosiale relasjonar, for eksempel økonomiske transaksjonar eller giftarmål, er intersubjektivt tilgjengelege, og i så måte verkelege nok. Ein stein, eit berg, ein gris, eit lynnedslag, eit børskrakk, ei (intensjonal) handling, eit hulk av fortviling, ein kristenkross, eit musikkstykke, eit idrettslag, ei utsegn, ein elementærpartikkel, eit fonem, ein kontrakt, ein domstol, eit konsern – alt slikt er reelt på ein eller annan måte, og i ontologien (læra om det verande) dreiar det seg om på kva måte det nærmare bestemt er reelt. Naturlegvis kan ein ha det synet at berre fysisk registrerbare fenomen er reelle, og at alt anna er fiksjonar, «imagined realities», men då har ein fjerna seg langt frå eit praktisk nivå og rota seg tilsvarande langt inn i metafysikken. Eg for min del vil seie (som kortversjon) at ein nasjon er ein intersubjektivt tilgjengeleg, sosial realitet, og at nasjonalisme er ein ideologi som medfører ei positiv innstilling til denne realiteten. Kva seier Lunden og Stråth?
Les hele Klassekampen på nett
Få nyhetene som setter dagsorden, analysene som betyr noe og stemmene som teller. Abonner i dag.
Bli abonnent