Arbeidsplassar avheng av UDI
I desse dagar er tre søstre frå Kirgisistan i full sving i produksjonslokala til verksemda AuRan Ull i Sokndal, lengst sør i Rogaland. Ulldyner av merinoull, kamelull og spelsau-ull, med trekk av silke, er noko av det som skal produserast. Kamelulla kjem frå Kasakstan, spelsau-ulla frå Noreg, og merinoulla frå Kirgisistan. Der kjem dei også ifrå, dei tre kvinnene som har lært behandling av ull frå dei var barn. Dei tilhøyrer minoriteten karachai. Aurora Ikjeva kom til Noreg som flyktning for meir enn tre år sia. Akkurat no er søstrene hennar, Sonja Tikjeva og Rita Tikjeva Ormenbetova, her på to månaders visum som spesialistar for å hjelpa til med produksjonen av ulldyner, som er nye produkt i denne verksemda.
Les hele Klassekampen på nett
Få nyhetene som setter dagsorden, analysene som betyr noe og stemmene som teller. Abonner i dag.
Bli abonnent