Overvaka som elleveåring
Da AKP-aren Helle Borgen fekk mappa si frå Innsynsutvalet, fekk ho stadfesta at ho hadde blitt overvaka sia ho var elleve år. Deltaking på barneleir i Tsjekkoslovakia med Unge Pionerer er det første som er registrert i mappa hennar. Dette er noko av det som gir grunnlag for at ho er tilkjent erstatning for ulovleg overvaking. Registrering av barn blir rekna som overtramp, det var noko Overvakingspolitiet ifølgje instruksen skulle vera særleg varsamme med. Men i Borgen si mappe er både turen til Tsjekkoslovakia i 1966 og ei liknande reise til Sovjet i 1969, der ho var med på ein sommarleir for barn på Krim, registrert. Seinare vart det nøye registrert kva for FNL-studiesirklar ho som 14-15-åring var med på. Men dette var berre starten.
Les hele Klassekampen på nett
Få nyhetene som setter dagsorden, analysene som betyr noe og stemmene som teller. Abonner i dag.
Bli abonnent