«Modern Times» i eldreomsorgen
Kristine Løvaas (86) i Fyllingsdalen i Bergen har telefonen innan rekkjevidd, og ho følgjer godt med i aviser og fjernsyn. Men ho kan ikkje gå og opna døra om nokon ringjer på. Ho kjem ikkje opp av senga utan hjelp, og ho treng hjelp til alt som skal gjerast i huset. Folk frå heimesjukepleien kjem fleire gonger om dagen. Sia 1. mars har Løvaas merka at det oftare er nye og ukjende folk som kjem, og dei har fått ein ny arbeidsdeling seg i mellom. Frå denne datoen vart det oppretta eit kommunalt føretak som skal ta seg av reingjering og klesvask, medan andre delar av heimetenestene sorterer under heimesjukepleien. Annakvar veke kjem to heimehjelparar som skal gjera reint i huset, og dei har ein halvtime til å gjera jobben.
Du må være abonnent for å lese denne artikkelen
Allerede abonnent? Logg inn