Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Tidsraset

I unge år oppfattar vi livet som ei uendeleg lang framtid. I eldre år oppfattar vi det som ei svært kort fortid. Det har mange eldre funne ut uavhengig av kvarandre. Vi treng forresten ikkje å vere så gamle, berre om lag 40 år, før vi oppdagar tidsraset. Med uttrykk som «tidsras» og «tidsimplosjon» forstår eg opplevinga av at livet er kort, og at tida forsvinn i eit vanvittig tempo, eller at den iallfall går svært fort. Også for eit par tusen år sidan var dette eit tema. Det gjekk inn i emnekrinsen til livsførselsfilosofane i den hellenistiske perioden. Det blei drøfta under overskrifta «de brevitate vitae» (om det korte livet).Korleis skal vi forklare tidsraset? I kapittel seks av «Aphorismen zur Lebensweisheit» (1851) har Arthur Schopenhauer (1788-1860) eit framlegg som eg byggjer vidare på. Han knyter tidserfaringa til evna til å hugse, og den evna framstiller han som lunefull og skrøpeleg. For at den skal yte noko, må den stimulerast eller aktiverast. Gløymsla går derimot av seg sjølv.

Du må være abonnent for å lese denne artikkelen