Det var ikkje mange kvinnerøyster det vart lytta til i 1800-talet sitt Frankrike. Det maskuline pseudonymet George Sand (1804-1876) var ei pragmatisk løysing av det problemet. Men den svært produktive kvinnelege forfattaren bak mannsnamnet hadde anna enn maskespel å fara med. Ho var ein utopisk sosialist som tok aktivt del i 1848-revolusjonen, ho var «før-feminist» og aktiv stridskvinne for ytringsfridom og individet sin fridom. Ho skreiv pamflettar, romanar, dramatikk og kritikk. I si samtid var ho like kjend som hennar mannlege vener, som inkluderte Gustave Flaubert og Honoré de Balzac. Ho vart portrettert av Delacroix. Men ettertida har tilhøyrt mennene, kanskje dels fordi Sands litterære metode skilde seg ut midt i realismen si stordomstid. Ho valde nemleg å pynta på tinga i den leia ho helst ville at utviklinga skulle gå, i von om at det skulle medverka til å endra verda.