Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Emma Goldman

Emma Goldman (1869-1940) var ein gong den mest notoriske kvinna i USA. Ein sentral figur i den mangslungne anarkistiske rørsla. Eit barn av dei harde sosiale konfliktane og streikane som prega USA frå 1890-talet til langt inn i mellomkrigstida. Det var politivalden og den politiske kriminaliseringa av anarkismen som fekk Goldman til å engasjera seg. Livet igjennom forklarte ho anarkistane sin vald med sosial desperasjon, og ho fordømde aldri dei to episodane som skulle prega livet hennar: Venen og elskaren Alexander Berkmans mislukka attentat mot stålmagnaten Henry Clay Frick (1892) og mordet på president William McKinley i 1901. Drapsmannen Leon Czolgosz hevda han hadde vorte eggja til handlinga av Goldmans talar. Ein påstand den amerikanske påtalemakta tok på alvor.

Du må være abonnent for å lese denne artikkelen