Skjulte motiv?
Mange av oss har erfaring frå det å arbeide i eit lag («team»). Ein del arbeidslag skal avgjere viktige saker. Då er det grunnlag for ulike syn, og det er på sin plass med ei sakleg drøfting. Men somme menneske har vanskar med å oppføre seg adekvat i ein situasjon med meiningsbryting. Dei greier ikkje å forhalde seg til ytre realitetar så som situasjonsbeskrivingar som avvik frå deira eigne. I staden er dei fokuserte på «det indre». Fantasien deira kokar over ved tanken på slikt som skjulte motiv, hemmeleg dagsorden, svikefulle intensjonar og lumske lyster, kort sagt: sinnelaget hos kollegaer. Dei har lause mistankar, men veit ingenting. Motivgranskarane greier ikkje å lese sakspapir. Dei er så ivrige etter å oppfatte det som står «mellom linjene» at dei ikkje oppfattar sjølve teksten. Dei satsar på «pre-emptive strike», på det å slå preventivt til mot den planen kollegaene kanskje har i det skjulte. Eit arbeidslag med eit eller to medlemmer av dette slaget blir fort øydelagt. I tillegg blir det lite hyggeleg. Kva konsekvensar ville det ha, viss ein slik destruktiv prosess blei utløyst i stor målestav, for eksempel ved at medlemmer av ei regjering i eit stort land gir seg over til motivgransking og konspirasjonsfantasiar? Har det forresten skjedd? Finst det i så fall studiar av denne sida ved saka? Svaret er ja. Hannah Arendts studie av den franske revolusjonen handlar blant anna om dette (jf. «On Revolution», 1963, Penguin 1990).Jakobinarane med Maximilien Robespierre i brodden sette dygda likt med mennesket sine indre kvalitetar. Under innverknad av Rousseau oppfatta dei politikken som eit direkte framhald av omsorgsmoralen. Mest av alt gjaldt det å vere rein i sjela. Robespierre ynkast over dei fattige og lidande. Dei blei ein folkemasse som trong sin bergingsmann, nemleg Robespierre sjølv. Glorifiseringa hans av dei fattige var – ifølgje Arendt – sentimental i sterk forstand og såleis ekstremt farleg: «Når ynken ('pity') blir mistolka som dygda si kjelde, overgår den råskapen i å valde skade» (1990:89). Den som dyrkar «folket» og ynkast over dei fattige, kjenner seg god også i hatet sitt mot «folkefienden». Han kjenner seg som lysets sendebod i kampen mot mørkret og det vonde. Udyra må døy! Sinnelagsfikseringa til dei franske revolusjonære verka destruktivt også på den måten at den skjerpa mistanken til medarbeidarane: Kanskje var ikkje elsken deira av folket ekte nok? Kanskje hadde somme i flokken ei falsk sjel? Det blei jakt etter svikarar og potensielle svikarar i eigne rekkjer. Mistanken blei eit overordna prinsipp. Og i bakgrunnen arbeidde giljotinen.
Les hele Klassekampen på nett
Få nyhetene som setter dagsorden, analysene som betyr noe og stemmene som teller. Abonner i dag.
Bli abonnent