Den store sniglekampen
Inntil nyleg var det berre hageeigarar på Vestlandet som måtte betala prisen for innføringa av den spanske iberiaskogsnegelen til Noreg. Etter 17 års kamp har mange resignert for den glupske snigelen, som har funne sitt paradis i det fuktige og frodige kulturlandskapet ved Atlanterhavet. Einskilde hageeigarar har rapportert om, ikkje berre tusenvis, men over 100.000 sniglar i hagane sine. Å gå berrføtt på plena har vorte umogleg, bruk av hagen til rekreasjon har vorte utriveleg, bærdyrking og planting av pryd- og nyttevekstar fåfengt. Til no har innlandsfolk vore skåna frå denne plaga. Men i dag er Iberiaskogsnigelen registrert frå Aust-Fold til Nord-Trøndelag. Storetaren har også vorte eit økonomisk problem for grønsak- og bærdyrkande bønder. No har Universitetet i Bergen (UiB) i samarbeid med Planteforsk på Ås fått seks millionar kroner frå Norges Forskningsråd til eit fireårig forskingsprosjekt, der målet er å hindra vidare spreiing av snigelen.
Les hele Klassekampen på nett
Få nyhetene som setter dagsorden, analysene som betyr noe og stemmene som teller. Abonner i dag.
Bli abonnent